Sagaen om drit

Ingrid, dottir av Håvard den morosame og Turid den vise, syster til Merete og Øystein, hogg hovudet av Odin og Tor. Norrøn er no ein gløymt tidsperiode, vikingane har stranda, kvinnene hengt frå seg nøkkelringen og trællane blitt Kjell Inge Røkke. Norsk er ikkje lenger obligatorisk i skulen etter det grusomme slaget der Ingrid skar av margen på norskboka. Naturfag, matte og historie blei plyndra og drepne i samme slengen. Ha det bra allmenn!

Fuck my life

Fuck my life.
- Eg suge i matte. Eg suge i naturfag. Eg suge i historie. 3MKA, faglig, suge.

ingrid
That's the way, aha - aha, I don't like it. Fy kor shtøgt.

Anyways, i dag skal bli ein bra dag.

marty

My beauty har bursdag. Hurra hurra! Gratulere, det skal feriast med mykje moro.

Anyways igjen,
nei til blogg. Eg boikotta. Følast ut som at hjernen min skal dette ut når som helst, om og gjere å ikkje anstrenge seg for mykje her, ass. Fuck, allmenn er hardt ass. Suckers som har gått på det i tre år, fysj.

Btw, gjorde 2 oppgåve i matte på 2 timar. Effektivitet er mellomnavnet mitt.

Never an honest word

.. but that was when I ruled the world

Eg veit at blogginga er meir enn dårleg fortida men eg har på ein eller annan måte klart å flette inn Coldplay i nesten alle innlegga mine. I går skjedde det, det vi har venta på i eit halvt år og eigentleg heilt sidan første plata kom. Fantastisk er berre forbokstaven. Konserten på Koengen har gjordt meg ordlaus og mållaus. Det var rett og slett ubeskrivelig.

http://www.bt.no/kultur/konsert/Slik-var-Coldplay-festen-910946.html
- NYT DET DER. Macen var ikkje heilt samarbeidsvillig i dag, så det blei den gode gamle klassikaren - lim linken rett inn.

coldplay
Foto frå Bergens Tidene

Bortsett frå den no nevnte beste opplevinga i mitt liv har eg gjort noko anna stort sidan forige innlegg, faktisk. Ikkje berre gått Skåla Opp (1848 meter rett opp) men har og tatt lappen. Nei, hadde eg aldri trudd sjølv, men hei - det var ein lettelse og blei ein fantastisk fredag. Gratulere ja, thank you!
Btw, eg som alle andre har starta helvete igjen - hei påbygg med mediefag. Død over deg.

COLDPLAY ER VÅRE GUDAR - ikkesant?

Wish it was summer always


Eg leve.

cimg0287

Men har forhåpingar om å plutselig leve her.


 Det er veiret sin feil at eg ikkje bloggar, eller har gjort det sidan Malakoff-helga. Eg sykla på jobb i dag klokka 10 i høljregn, men så hadde eg visst seinvakt - der trengte eg karmaen..


Kor vil du leve?

Oh lord, I'm only human

Etter ein sommar med Bulgariatur og berre jobbing har eg og ein heilt fantastisk gjeng vore på Malakoff Rockfestival. Eg klagar ikkje eit sekund sjølv om veiret ikkje var av det beste. Kaizers Orchestra, Superfamily, Katzenjammer og Turbonegro underholdt oss 100%, god drikke var prikken på i'en og grilling med kos var.. festival! 

Det starta med at vi var seine til festivalområdet og måtte stå i kø på kø, men hey - det er jo litt av moroa. Teltplassen var funnen - men kor var teltstengene? Crap. Nytt telt med Europris blei eit hardt tilfelle. Men med ei mega madrass, gode dyner og trøtt i tryne føltes det ikkje som telting. 
Superfamily var gå på scena, sjølv om vi ikkje kunne meir enn eit par - tre låter så var det kanon sceneunderholding med tidenes kor-menn. Seinare på kvelden var det klart for Kaizers Orchestra - den som meiner at Kaizers ikkje leverer på scena er både fjern og blank!  TAKK KAIZERS, igjen. Med underholding frå forskjellige randoms, hahaha - blei det tidens nach, fres.
Lørdagen starta med ei litt crappy form, tørre bollar og mykje latter. Katzenjammer var fantastiske - hakke under Kaizers. 
Etter litt promille, mykje do-gåing og endå meir latter toppa Turbonegro heile helga! Flott flott flott.

Har du vore på festival?

No skal eg og Jon Eivind trene vekk alt som kom på i helga, cheers!

No waste of time

HEI


bilde 28

GOD SOMMAR

bilde 29

HEJDÅ

Hyttekoz

dscf5164

dscf5151

dscf5128

dscf5162

Klassikaren 'Eit bilete fortel meir enn tusen ord' er absolutt tilfelle her. Hyttetur på Utvikfjellet med ein god gut var ein fin opplevelse.
- mæææn I love summer

Dersom eg skal rable ned kor fint eg har det fortida blir det berre totalt kaos - alt som har med oppbygging av setningar, orddeling og rettskriving er lagt på hylla. Det kjem igjen til hausten då 10 timar med norsk i veka blir eit hardt tilfelle!


GOD NATT OG GOD SOMMAR!

Rød - rødare - Ingrid

dscn0028
No skal eg begynne innlegget mitt eit veldig fint bilde. Ha-ha. Viser at eg ikkje orkar beskjere eller redigere i ferien, in fact har eg ikkje tatt opp mac'en ein gang. Uansett, Kine og eg syns det er vannvittig kult å ta bilete i spegelen, difor gjer vi det kvargang vi er ilag. Smil.

I dag kan eg blogge med god samvittighet. Klokka er snart eitt og det er nesten 30 grader i skuggen. Kvifor sit eg inne? Jo, det som skjer kvar sommar; eg blir skambrent. Eg blei det i går då eg presterte å ikkje bruke solkrem andre plassar enn armane. Det var kaldt i fjæra, vinden blas og eg merka ikkje at sola var så sterk. Eg blei skremt då Anna nemnte seinare at nordmenn var dei som fekk mest hudkreft i verda grunna av at vi berre tenkjer på brunfargen og kuttar ut solkremen. Men hall-oo, eg har aldri fått ein brunfarge og pleier vanlegvis å smørre meg med faktor atlforhøg.
Men no sit eg her då, rød på skuldrane, armane, ryggen, leggane og ikkje minst i tryne og på den stakkars nasa mi. 'Du er jo kjempesøt'. blow me. Heldigvis blir det jobb klokka fire!

No, etter sikker to måndar, utan trening skal eg begynne å trene for fult saman med Jon Eivind. Han skal vere min personlegetrenar, i og med at han er narkis innan trening.. Det er heilt sjukt, eg har alltid trena ein del. Men dei siste to månadane har eg ikkje hatt tid og dei gongane tida har strekt til har eg måtte slappe av. Einaste det har blitt litt av er jogging og nokre turar i fjellet, men inget å skryte av.
Til hausten vurderar eg å begynne på handball igjen, ryktet om ny og frisk trenar i Førde freisar meg. Eg er ute av trening og kan sikkert ikkje kaste ein ball lenger, men savne etter ein lagidrett er stort.. No vuderar eg igjen..
 Eller kva seier du?

No skal eg smørre meg inn i aftersun, vekke Merete, ete frukost, vurdere å henta sydenbileta frå Cecilie og besøke besteforeldre før eg trappar inn på Askvoll Sjøbuer. Alt for å unngå sola, celebration.. nei.
Hamburgerløvsteikbiffsnadderkyllingrødspette.

Har du vore solbrent i år?

Bulgary, we're commin' back

Det er to veker sidan det sist blei lagt ut eit innlegg. Eg lev i god samvittighet og lysta er eigentleg ikkje så stor akkurat no. Sola skin, jobb, kjærast, famile og vennar blir prioritert framfor dataen.

Bulgaria var toppers, dagane blei brukt til sløving i sola, bading i store bølger og kos med jentene. Det er klart ein fordel å vere jente i eit slik land, 'free drinks' og andre friheter var lett å få tak i. Men kulturen er annleis - nokon der nede har ikkje noko liv, 50 år gamle menn sitt på ein benk heile dagen for å stirre på unge jenter som spaserar fornøgde forbi.
Kvelden blei brukt på bar'ar saman med andre skandinavise ungdommar, utrulig moro - har høge forventingar for neste samankomst no. 
Det var ein fantastisk tur og vi skal klart reise igjen! Anbefalast på det høgaste. Eg skal komme med bilder i eit innlegg seinare.

Men det er fint ute, folkens - no skal eg bli brun. Hehehehe.. Eg fekk ca. null farge der nede. Korleis er det mulig? Eg svidde meg jo ihjel. Livet er ikke rettferdig, ass. 


jentene
Kjem til å savne klassen altså. Dei er fan to the astiske! Oslo // NM i UB


Kor ville du reist akkurat no?


BLOGG BLIR IKKJE PRIORITERT I SOMMAR.

Hopp i seng. Sov godt!

Of and away

facebook

Det er så utgjort at datamaskina på skulen skal gå i  minus 110km/t når alt skal flyttast frå den til hardisk. Det er òg utgjort at regnet piskar ute og eg skal ta sommarferie for fult. Eg hatar forresten å vaske klasserommet og eg hata at vi har rota så mykje. Ikkje minst hata eg at eg ikkje har sove i natt og føle eg kan leggast inn snart. Photoshop er btw så treig at sjølv eg kunne sprunge på Mount Everst på den tida. Oh joy! Neida, berre mangel av søvn ..

bulgaria


Eg vurderar sterkt å søke meg innpå kunsthøgskulen i Bergen etter 3. klasse, ingen kan sei sola mi er stygg? I såfall - la vere.  No fungerar facebook'en min igjen og alle er kjempe glad for at statusen min kan bli oppdatert jamnleg, viss ikkje - la vere å sei du ikkje er det.
Anyways, eg og dei fem andre søte jentene reiser til Bulgaria i morgontideleg. Ekspressbåt til Bergen, litt kos på Bergenbrygge (kem blir ikkje glad av Bergen?) og klokka 1700 skal vi sjå ned på Noreg og le medan vi inntar Bulgaria med sjarm.
Einaste er at eg må pakke kofferten, det skal skje etter eg har fått alle kleda mine frå Førde og heim - altså i kveld. Nokon som stressar? Ikkje eg. Btw, eg må òg låne ein koffert, takk kjære søskenbarn.

Det er sjølvsagt at eg tar med min kjære mac <3 ned dit. Kanskje det blir oppdatert med pic's and stæsj. Forresten skal eg på apotektet i dag og kjøpe meg solkrem med faktor 50. No kiddin'. Eg må passe på nasa mi, den er hardt utsatt.

- God tur, ja.
- Jo takk skal du ha, ja.

Herregud, æglædemæ.

Ka gleda du deg til?

Baby it's a wilder world


sumarbby
.. Ja, no har det blitt sommarferie. Eg feirar det med å reise heim til Askvoll for å slappe av i sola. Facebooken min vil ikkje samarbeide med meg og nekar meg i å få logge inn, sola skin frå høgste himmel med ein kald nordavind, risen står på kok og kyllingen er snart fresa. No manglar berre ei fin mamma som skal feire ferien med meg. Med ein pappa og ei søster som har reist utanlands - så langt som til Danmark. Ein lillebror som er i bursdag blir Chris Martin og resten av Coldplay prioritert på Spotify. Eg innrøm sjølv at sangstemma ikkje er av den beste, men kva gjer vel det når sommaren luskar rundt svingen? I morgon er det fri og på torsdag tar eg farvell med mine skjønne blomar i 2MKA. Samanspleisingar blir det nok av i ferien! Cheers.

Der kom mamma og eg er hundreprosent sikker på at facebook funkar no, one more; cheers!

Kva blir årets sommarlåt?



Under the surface trying to break through
Deciphering the codes in you
I need a compass, draw me a map
I'm on the top, I can´t get back

Coldplay - Square one

Egkangjerealtdag

I dag er ein slik dag der eg føler eg allereie har fått gjort mykje. Blei sittande hos doktor i to timar grunna av ei sprøyte eg må  ta så det ikkje blir leverinfeksjon i Bulgaria. Eg er alltid seint ute - maks vikring skal skje om 15 dagar! Haha, då er eg heime igjen, men shit au - eg blir aldri smitta av slikt. Gløym den setninga når eg kjem heim med leverinfeksjon!
Bankkortet mitt fungerar heller ikkje, korleis skal eg klare meg utan pengar? Haste bestilling er på veg. Det funkar i butikkar då, men ikkje i minibank - noko som må brukast nede i sydlege strøk. Kva pengesort brukar dei der nede? Ikkje ein gang bankdama visste det. 
Eg har òg fått meg treningskort for Juli, sidan eg ikkje kjem til å trene i Juni, heller. Tid er mangelvare for tida!

No har eg to minuttar før eg kava meg inn til Førdeby igjen der det blir risikokurs og slack. Siste veka før ferien, det er ein herleg følelse! Eg kom heller ikkje opp til muntleg i dag, ah.

Der kom besten, cheerioo!

Kva er mangelvare hos deg?

Kvar er pakkeguden, nu?

I sjel og sinn har eg sommarferie (nei (jo) vi kan ikkje bli tatt opp til munnleg, det kan ikkje skje) og slappfaktoren har nådd til toppnivå. Heyy, holidaaay!

You're so gay and you don't even like boys
No you don't even like, no you don't even like..
No you don't even like boys

Livet heime i Askvoll er ikkje anna enn bra. Med ei søster som går i ring rundt alle kleda sine, dumpa ned på senga og ser oppgitt på kofferten. Det har vert slik sidan klokka fire, ho har endå ikkje kome lenger. Av og til er det hardt å ha få mykje klede - då vertfall når ho skal på reisefot. Ei bestevenninde som allltid vil vere her sit rett vedsidan av og syng med si altfor fine sangstemme (hhehehe) .. Sola skin ute, einaste snevet eg har fått på den bleike kroppen var ein timestid saman med besten. Opplever du det moro å høyre gamle historier frå heimplassen din?

Seriøst, sommaren måå komme for fult no! Eg er ikkje anna enn klar.
Eg har så mykje å glede meg til at eg blir heilt gal i hovudet. Alt er så snögt!
BULGARIA HERE WE COME!

Kva er det værste med å pakke?
No sit Merete i sofaen og det er tomt i kofferten.. Eg begynne å tru at det faktisk ikkje er håp.

In fact I'm free this week

Let me be young
Let me stay please
Let me stay like this




Spa etterfulgt med Peppes saman med tre fine jenter er overstått, ein lørdag med sommarfest der Ida Maria, The September When og Dumdum Boys var i spissen saman med ein heilt fantastisk gjeng vart suksess - gjerne med stor s. Ei produksjonstid over tre dagar der det blei ein 5'ar på tverrfagleg eksamen er ingenting å sutre over. Tur til Bergen der det dessverre ikkje blei Bruce på oss var likevel koselig men bittert. I dag var det halv dag før eg inntar langhelg med fri heilt til tirsdag.

- Poenget mitt er at ting er travelt før sydentur, livet er fint og eg lev i beste vilkår - no worries.


Om ei veke reiser Kamilla, fire andre jenter og eg til Bulgaria, bby! Då skal vi leve liiiivet 110%
Sommaren blir ikkje anna ann b to the r to the a

47428972191947061415447019751891590584n


Kva tenker du om sommaren?
Korleis var... Bruce? Bitter

Raudbrus, kaviar og litt sumaragurk

.. Svarde Brita då eg spurte om kva eg skulle ha til overskrift


No er det endelig helg.
Eg har kjempa meg gjennom dagen med film og web repitisjon. Føler meg ikkje eit snev klokare. Fakta er at vi har blitt trekt opp til å enten komme opp i web, film, foto eller avisjournalistikk i tverrfagleg-eksamen på mandag. Eg har fobi mot 75% av det der, og vurderar sterkt ein form for psykolog. Hell yeah!

Uansett, i går var eg ein av to jenter på sesjon saman med hundre gutar - ok, 18 kanskje. Uansett igjen - er det seriøst ikkje fleire jenter som vurderer militæret? Eg trur det er ei erfaring for alle med tanke på disiplin, struktur og å bli betre kjent med seg sjølv. I den verda vi lev i dag trur eg det er viktig for veldig mange personar. Seriøst, alle har gått av å stå opp klokka 6 kvar morgon, vaske, rydde, springe i skog og mark og bli skitne på henda. Det kan virke hardt, men det er då verdt eit forsøk. Eg skjønar det visst du har planane klare for livet framover og ikkje vil sløse vekk eit år eller whatever i millitæret. Men dersom du ikkje veit og har moglegheit for gratis utdanning - why not?
Eg veit sjølv at eg har lyst å jobbe i radio i framtida og veit kva eg skal etter vidaregåande dersom eg kjem inn. Anten nynorsk mediesenter, tv -og radioproduksjon, eller Danvik folkehøgskule i Drammen - det har eg lyst til. Men eg har òg lyst å prøve noko anna, som feks. militærfotograf i luft eller sjøforsvaret, det virka kjempe spennande.
Eller, kva meiner du?


432810389503641567677641530369163297446n

Eller berre..

1011225


No har vi, eg og nokre andre friends, bestilt Muse billettar i London! Dei blei solgt ut på 7 minutt! Vi har dei. Herleg.
Når Muse er i Spektrum er vi i Egypt.

Just like Golden Sands

Shit - kor er det siste innlegget mitt? Jadå, blogg.no har sikkert funne ut at eg ikkje er verdig nok til å få lagt ut alle innlegga mine, eller berre slette dei etter kvart. Gøy med sommarmoro då, folkens. Anyways, det er vertfall vekke.
Eg eller du veit ikkje kvifor..

Men hallo, det er 2. juni, lang-helga har vert toppen på kransekaka! Sola skine, folk er glade, eg har blitt rik og eg er glad i folk. Sjølv om ting er stressande går det eigentleg som smurt, sliten blir eg, men det skulle berre mangle.

Fredagen var kjempefin! Bursdagsfesten blei vellukka og moro blei det i alle fall. Lørdag var ein meir aktiv dag enn eg har vert på hundre år; turgåing, fjellgåing og gåing på jobb i 7 timar. No har eg gnagsår! Heyho. I går kosa eg meg med jentene mine på grillparty. Helga begynte og slutta bra.
- I dag blir det derimot prøvelesing, men i sola saman med ei stk. fin Marty. Tjohei! Det gårrr sååå braa såå.

Klassen vår har btw betalt halve turen til Egypt og vi ser fram til kamelriding, oase, snorkling, fotografi, pyramida og mykje anna. Vi har vel ikkje grunn til å ikkje glede oss?


zlatni

 Her er eg og fem andre jenter om to veke og fire dagar! Herlig.
Bilete er tatt frå google så oppløysinga er bad.

slidesaquapolis1big
Eg skal forresten innom her òg når eg først er på tur. Eg tvingar dei andre dersom dei ikkje blir med!
For haall-oo, badeland er kjekt då? Eg er då ikkje så barnslig.

Btw, tidenes kjappaste innlegg ever. Rett frå sjela!
Skal du ut å reise snart?

Heyho - go negative

Ein morgon, i helga, våkna eg klokka fem. Det fekk meg til å tenke på kva eg virkelig ikkje gler meg til når sommaren kjem. I to timar låg eg våken; irriterte meg, banna og hadde ein sur morgon. Det var berre ei der, mindre enn lille tåa mi, men alikevel meir irriterande enn små drittungar på 10 år. Rommet var stort men alikavel skulle flåga vere på alle plassar i det trøtte trynet mitt. Aller helst inni øyret eller rundt munnen - delikat. Eg prøvde drepe den, hard som eg er, men då forsvant den i den andre enden av soverommet; aldri om eg står opp for å drepe! Taadaam.

Sommar er fint, ikkje misforstå. Kven likar vel ikkje sol, fri, vennar og god humør?
Ingen kan heller ikkje påstå at sommar av og til kan vere negativt prega..
- Flåge som vekke deg midt på natta
- Rød kropp som om kvelden blir grusomt - eg veit eg er eit svært godt bytte der
- Kveps og mygg, blir gal
- Hoggorm - noko av det verste som fins
- Brennmanet, hadde ein forferdelig opplevelse i fjor

Fortell meg tre negative ting om sommaren? Ikkje prøv deg.. det fins.



bernt
Men haall-ooo - SOMMARIDYLL! Foto // privat


Sist men ikkje minst
- Gratulere med dagen og lappen, Marie! Du er inspirasjon.

F to the R to the I

Eg var inne i ein fin bloggeperiode, men når langhelg kjem og eg ryggar vekk i frå datamaskina blir det ikkje så bra. Helga har vert super, rommet til jonusen er ferdig mala, bursdagsferinga var koselig, besta og besten er alltid i godt strøk og kine er ei altfor fin jente. Alt i alt ei vellukka helg!

Gratulere til alle som har fått litt ferie etter eksamen, gratulere til alle som har bursdag, til alle som har navnedag eller som har blitt foreldre! Gratulere til meg sjølv som har bestått teorien. Eg var bokstavlegtalt dritlei då eg opna boka for siste gang fredagsmorgon - eg var òg hundreogtjuefem prosent sikker på at eg aldri hadde klart det, mykje fordi spørsmåla var iiiidiot. Men yesdå - 7 feil <3 Det er bestått, det! 

I dag er det mandag - eg og resten av 2mka har avspasering og eg nyt dagen min i Førde. Sjølv om klokka allereie har blitt eitt og eg ikkje har begynt på leksene klagar eg ikkje. For ja, eg er overbooka med lekse denne veka og alt må vere gjort til torsdag. Eg fiksar det.. leeett! 

VINNAR VAR KONKURRANSEN
Var alle som tippa... tippekupongar. 10 poeng og null premie! 
Eg fortsett konkurransen; kor mange tippekuppongar er svanen laga av?

I dag blei det eit rotete innlegg og null bilder. Eg må hive meg rundt med leksene mine! Ønsk meg lukke til ja, tusen takk.

Tidenes konkurranse på..

iingrid.blogg.no
- hahha, utan premie sjølvsagt men med heder og ære! haalloo - eg bur på hybel.

Trass i at halsen er blitt mann, nasa er tett, hovudet tungt, magen kvalm og tennene blitt torturert av tannpleiaren er livet fint. Ok, ikkje akkurat fint no, men okok. Eller, eg har det jo fint viss eg ser vekk i frå mange andre som faktisk ikkje har det! Litt klaging er lov då, folkens. 
Eg har ikkje vore på skulen på fire dagar fordi eg er så flink ellers (tulla!), eg har skrive eit heilt refleksjonsnotat medan eg har grine over tastaturet fordi det er så gørgande kjedelig, eg har òg opna ´vegen til førarkortet´.. igjen! Der skreiv eg faktisk ´eg´ fem gangar i ei setning. Yeah.
Maling. Kjærast.Jobb.Fest.Jobbjobbjobb.Kamp.Kine.Tannpleiar.Lekse.Gaddamnit, helga har vore super!

I forge veke satt eg vekk alle skoa eg ikkje skal bruke i sommar, mykje fordi sola skein ute og det var varmt men òg fordi det var aaalt for mange sko på skohylla. No vudera eg sterkt å finne dei tilbake - men nei, eg er endå postiv, sommaren er rett rundt hjørnet. F.u.c.k. yr.no. Sant sant sant sant?

Btw, så irritera eg meg grå på at msn-bilete på macen berre vil vere ein msnmann. Kva er greia? JPEG-filer er ikkje godtatt her nei, eg trur egentlig ikkje det går ann..

foto847
Over til den O´store konkurransen på O´store Ingrid sin blogg.
- Kva er dyret laga av? Dåke som allereie har vore på Askvoll Sjøbuer og funne det ut kan berre holde.. yessdåå!


No hiv eg meg bak ´vegen til førarkortet´- enjoy me yes.

Btw igjen, eg er eigentlig dritgod på å bruke bold og kursiv skrift, men bloggen min vil ikkje heilt samkøyre med macen, så alt blir regularyshit. What the heck, bold og kursiv skrifta så mykje du vil, du.

A reason for a perfect life



mg1574
Ingrid og Marte

mg1539
Ingrid og Marte

mg1540
Marte og Ingrid

mg1535
Marte

mg1537
Marte

mg1541
Ingrid


Foto av Runar Smelvær

Hipp hipp hurra!

Heihå.

17.,17.,17.,17., maiiiiiiiiiiiiii! For ein fin dag - satsar på store smil hos heile Noregsbefolking. Sjølv om eg berre kjem til sprade rundt med Askvoll si minibefolking. Shönt.
Eg skulle gjerne hoppa i bunanden, sett rekord i iseting, helsa på bygda og fått 1.plass i pilkast. Neidåå, her skal det jobbast (nevnte noken dobbel lønn?!) saman med Katrine og andre fine folk. Frityrfett, softis, rydding, øl og Askvolls gladfolk. HURRA! Gratulere med dagen, alle saman.

..
GRATULERE MED DAGEN VEBJØRN! Kan skjønne det var flott å starte feringa med meg og resten av gjengen i går kveld. Håpe dagen blir finare enn finast resten av dagen. Det fortjena du! :-) Kaka kjem. 18181818181818.

No sett eg meg ut i sola til klokka bli tre og derette susar eg på jobb.

Btw, gratulere til Alexander Rybakk òg (ikkje minst deg, Frank - hhehe, den vart intern) !!
- MGP er teit. Hehehe-hehehhee.

Korleis var di natt til 17. mai fering?
Mi var ikkje anna enn herlig.

Tilbake til resistansen?

Det står eit bordt mitt på golvet, 
midt på bordet en revolver 
og på den står det made in Hong Kong
Halleluja



Radioen syng ut med Bruce Springsteen sin gladengeri, i ovenen står fiskegratengen og snart står makaronien på kok til med kjære kjem, hovudet bankar, tennene verk meir når eg tenke på at eg skal til tannpleiaren (.. berre eg som går til det for første gang?) på tirsdag og augeloka er på veg ned på tærene. Yes, i dag er ein slik dag. Alt kjem litt skeivt ut. Eg har ingen uteplass å vere på når livet mitt blir tilbringt på hybelen, det suge hardt. Derfor blir det heller ingen brunfarge, hehe-heeh morsomt, på meg i år heller. 

Og det var kjærlighet! Ja det var kjærlighet!
Radioen bytta sang, eg fekk litt sommarstemning. Legg ikkje skul på at den er etterlengta hos meg. Alt med skule må bli ferdig snart. Eg er små utpumpa. For lite søvn? Det negative med å gå på medium og kommunikasjon no er at vi nerda oss framfor dataen, dårlig ventalisjon og sol ute føre til litt shaky kroppar. 

På skulen er det omtreng umogleg å komme seg til kantina utan å få eit bøtte vatn over hovudet. Hei russ 09! I morgon er det heldigvis over. Kor mange tusen har du brukt på russetid eller kor mange har du planar om å bruke i framtida? Eg fryktar at eg blir snill-russ.

hljelp
Eg trur eg må på Malakoff i år for å sjå Kaizers Orchestra for fjerde gang. Eg måmåmåmå?!
Du skal danse ompa til du dør! HALLELUJAAAA

Har du ein fin dag, søta? hehehehhhe.

Såå lættiz ass

Eg svimlar innom hundre bloggar, oftast mindre kjente, men i mine auge kjente bloggar. Eg er ein av dei som bloggar når eg har tid og når eg orkar. Brukar oftast ikkje dei ledige timane mine til å blogge, sette heller pris på vennekos og ein god tv-serie. Eg er litt, ut-av-mi-eiga-verd-jente. Eg meinar det går an å få nok av seg sjølv. Men, som sagt, sette pris på all blogging som er god blogging.
- Eg meinar òg at dei som er på topplistene er ganske ubrukelige når det kjem til oppbygging av setningar og rettskriving. Då ser eg vekk i frå O'store Wulff og nokre andre 'randoms'. Men heller kjendisar som Noor, Ida Gran, Linni Meister og Helene Rask. Har dei gått på skule? Eller er det kult å flomre bloggen med 'lættis' 'koz' ':) :P ;)' ? Eg blir kvalm. Derfor les eg sjeldan 'kjendis blogga'. Kva synest du om bloggane til Noregskjendisane?

Når eg først har fått kjendishetta vil eg at du skal sjå denne filmen her. På tv har eg ikkje fått berre posetive tankar om ho, synest eigentleg at ho verkar merkeleg. Men etter ein titt innom 'Trianas videodagbok' skifta eg meining. Dama er vill! Viser berre at det er dumt å forhandsdømme..

yr

Eg ser forresten fram til ei solrik veke. Blir litt drittsur dersom yr.no lyg til meg! Har alltid hatt trua på nettstaden. Heeh-heeh, når det er meldt fint veir, sjølvsagt.

I want you back

Hei og hopp din sopp.

Etter ein nok så laxin' (sånn da seiast?) day på skulen med web (f.u.c.k.) og grafisk design (<3) har eg blitt ein relativt god brukar med parantesar (tulla!). Anyways, har eg komt meg til Dale for å kose med Marie. Vil berre få sagt at Vebz ditcha, men han er litt tilgitt. Men herregud killar, Marie er shön. Matmatmat.. Sa noken mat?! Tyttyttyt og litt paradise.
Marie har forresten ingen mat på hybelen, sjå vekk i frå fiskesaus og spaghetti. Ho svidde rundstykka våre og følte seg litt for smart då ho viste meg korleis eg skal bruke tanntråd. Btw, ho har nesten berre truse på. Kniz.



marie var tysk soldat

Her er Marie i beste velgåande. Heil Marie!!


No dette augeloka sammen. Sneiks i morgon klokka 0530.
God natt :-)

SJEKK DAMA FØRST.

Ja, det er kjærligheeet

Til tross for at dagbladet.no og vg.no herjast med dødsfall, svineinfluensa, fotball, den nye mgp-helten og ulike tragediar lev eg i beste villkår. Eg har ikkje planar om å gjere noko anna framover heller! Med ei webdesign oppgåve som skal gjerast, bilteori som skal puggast og litt diverse i bakhovudet har eg lagt mykje av det på hylla. Enn så lenge.
Helga har òg vert fin. Sjølv om eg ikkje gjekk ut på torsdag klarte eg meg nok så bra! Dagane bortsett frå lørdag blei stortsett brukt til ingenting. Men ingenting er ofte nyttig. God mat, maling av rom, fotballkamp og koskoskos. Floett.

No er eg i sommarmodus, nett som resten av av alt og alle, alt skal handle om sommaren. Alle eksamenar, tentamenar, prøvar og skulearbeid skal sjølvsagt bli prioritert men det går fint når sommaren snart står for tur! iidyyyyyyyyyyyyyll.


untitled1

Det blei ikkje tatt kjempe mange bilder sommaren 08, det skal bli retta på i år. Men det var då nokre frå ulike happenings. Fjoråretes var fiiin, åretes skal bli betre. Kjærleik, 18, vennar, syden, jobb, samankomstar, trenings, is, god mat, bading, konsertar, reise.


Det er vel ikkje berre eg som vil at mai skal gå i superfart?
Med unntak av nokre dagar.

God put a smile upon your face

Analysa er så og sei i boks, filmen er òg sett - den var god, men boka var betre! Så ikkje berre sjå filmen, då går du glipp av mange detaljar som gjer boka fullkomen. 

Eg er sikkert ein av ingen som ikkje skal ut i kveld. Eller ok, mange i klassen skulle ikkje pga. NM i volleyball i morgon og litt anna diverse. Planen var å komme meg ut, men etter ein telefonsamtale med mamma kunne eg ikkje likevel. Eg hadde sagt forge helg at eg skulle passe lille bror min i morgon tidleg. Wops, men det går greit. Eg og Jon Eivind klarar oss fint ilag. Kos dåke alle små søtisar. MARTE - PASS GODT PÅ DEG SJØLV! Mobilen, lommeboka, veska og ikkje ta andre sine syklar fordi du har lyst å sykle deg ein tur.. Tulla (tulla)! 

Men hey, 2009 blir finast. Eg har så sjuklig mykje å sjå fram til:
- Suprisepartyet mitt? (eg ventar på eit)
- Sommarferie saman med fantastiske folk
- Bulgaria med ein stk. fin jentegjeng
- Coldplay med tidenespepz
- EGYPT I 2 VEKE MED KLASSEN

Smilefjes.

untitled1

Er du eit smilefjes?

Disappeard with the rain

Even if.. but I coudn't think it. Not here, alone in the darkening forest. Not while the rain made it dim as twilight under the canopy and pattered like footsteps across the matted earthed floor. I shivered and rose quickly from my place of concealment, worried that somehow the path would have disappeared with the rain. 
- Twilight; Stephanie Meyer

Fantastisk bok med eit ubeskrivelig bra innhold og fint tema. Eg blei fanga og synest boka var over all forventing! Sjølv med ein tidsfrist (skal levere bokananlyse på torsdag - nei, eg har ikkje begynt skikkelig endå) har eg kosa meg. No er det filmen for tur - gler meg! Ønsk meg lukke til med analysa.. Hehehhe, treng det. Du har vel tilfeldigvis ikkje ei?


twilight
Bella og Edward


Paradise er forresten vilt fortida - det taar aav. Eg lev i mi eiga lille Paradise-boble. Nei, eg har ikkje planar om å kjøpe cd'en.
Helga var slackslackareslackast. Flyturen heim gjekk bra, det var fint å kunne sjå utover fjellheimane på langs av Noreg. Helga var med Jon Eivind, med to veldig slappe dagar hadde vi oss ein tur på fjellet. Nei, frå mi side var det ikkje heilt frivilig. Fekk forresten pizza og is på kroa saman med familien og slekt! Kaka kom òg frå ei stk søt jente - nam.
Alt i alt har eg hatt nokre fine men stressande 18-års dagar. Feiring håpar eg på seinare! Supriseparty, anyone?

Gneist UB i Oslo

'GRATULERE MED DAGEN'
- Tusen takk alle sammen for kjempe fine helsingar på mobil, facebook og blogg.

Yes, den store dagen starta på nattbuss og ei hard natt som blei ca. 2 - 3 timar ubehaglig søvn. Verken kake eller gave blei servert. Dagen har vi tilbringt på eit Hotell og i eit telt på Gardermoen med ustillingar og mykje folk frå heile landet. Herregud så mykje bra. Men herregud, det er litt for mykje 'Hei, vi har brukt mye penger.. nei vent - pappa spanderer'. Blir litt frustrert når bedrifter har fått brosjyre, logo og fått designa standane sine frå profesjonelle folk. Det verste er at det er dei bedriftene som vinn dei ulike katogoriane, eks. beste logo. 
I Sogn og Fjordane og Hordaland var vi nøydt å lage alt sjølv, slik ar det tydlegvis ikkje i andre fylker, noko som resumerer i veldig høg standard frå mange andre bedrifter. Men hallåå, det er over 2000 ungdomsbedrifer i Noreg - her er dei 80 beste!  På kvelden i går var vi på gallamiddag med godgod mat, prisutdelingar og særsær musikk. Deretter slokna vi.

NY DAG - NY MULIGHETER!
frukost, åpning, messe, prisar, opprydding, utsjekking, fly - hei, vestlandet!



n6501800186213149644584
Vi er over gjennomsnittlig kule då?


Helga blir sovsovingsovast. Litt meir fering av bursdag (EGVENTAPÅKAKENE) og flotte folk.

Kva er dine planar?

Nedtelling; 6t og Oslo

Eg sa eg var tilbake, det var eg òg - i hovudet.
Vekene går fort og eg føler eg ikkje får tid til alt eg vil gjere. Om akkurat tre timar trår eg inn på nattbussen til Oslo for å tilbringe natta.. ja, der.. Dukkar opp fresh (hehhehe) på Gardermoen i morgontideleg for å delta på NM i ungt entreprenørskap saman med resten av 2MKA.  Med gallamiddag, jamngamle menneske, bilete, hippiestyle, hotell, prisar og god mat kan det vel ikkje gå gale? Fredag kjem eg flygande heim - som vaksen og sjølvstendig! (Mamma, eg er endå vesle jenta di?)
Ja, eg har med meg mobilen så seie ikkje nei takk til altfor fine helsingar klokka 2400 i kveld :-) (ni5sjunini0åtte3)

photo.php.jpg

Kjem nok aldri til å bli voksen..


Kva tenkjer du er det beste med å bli atten?


Nedtelling; 7 // Thorir og sneipar

Ja, eg måtte vel berre sjå realitetane.. Verdasbeste handballag måtte få ny trenar etter Marit Breivik ditcha oss alle etter ei fantastisk karriere. No er det han, som alltid har vert der, baki der, komt med innspel og liksom berre.. vert der. 
Korleis trur du Thorir kjem til å klare seg etter tidenes trenar?

Det er 16. April, vi er komt til sommardagane og vi alle merkar det på tempraturen og humøret! På Paradise Hotell er deltakrane rebelle og ja, eg føler meg sjølv litt rebell når eg forsvinn heilt inni tv'en. Refleksjonsnotatet er fullført (nesten) og eg er klar for fototur til Florø i morgon med resten av klassen. Haaa-llooo, eg skal stå opp ein time etter eg pleier!
Fekk ei melding av Kine i dag: 'I dag er det ei veke til du har .... :D'
Så folkz, gje meg eit wild guess - kva skjer om nøyaktig ei veke?


Berre litt bildebevis på at 2MKA kan vere effektive på andre ting enn medianerding;

foto844
.. vertfall nokon

foto843
... men ikkje alle 

Eg raka btw sammen ca 10000111 sneipar og tyggisar. Men Julia plukka det opp - det er snakk om teamwork, eller?!
Les mer i arkivet » September 2009 » August 2009 » Juli 2009
hits